page view image

Konsert og dansekveld

Information
event image

Velkomen til konsert og dansekveld hos oss 20. april. 

Sjølvaste Rune Larsen og Anne Veddeng står for konserten frå kl. 19:00 i Top Foss-salen. Etter konserten blir det dansemusikk med tonar frå Jon Martin Skauge og Svein Tore Hildenes.


R u n e  L a r s e n   og   A n n e  V e d d e n g :

Rune har i mange år opptrådt saman med Helge Nilsen og Tor Endresen, men de siste åra er det Anne Veddeng som er blitt hans faste duettpartnar. Etter å ha medvirka i 5 TV-program – mellom anna ”Nystemt i Nøsteboden” har Norge fått auga og øyra opp for denne dyktige solisten. 

I fem år har Anne og Rune samarbeida med Jon Martin Skauge, en multikunstnar i musikkens verden, og ein av Norge sine beste gitaristar i tillegg til at han er arrangør og plateprodusent. Anne, Rune og Jon Martin har konsertar saman over heile landet. Denne gangen har dei også med seg Svein Tore Hindenes, keyboard/trekkspel kjend frå Ausekarane, og no kjem dei til Sandane.


M a t :

Det blir høve til å kjøpe god suppe, servert med heimelaga brød. Kr. 120,- (etter konserten).

Dersom du ønsker ein større middag, kan du reservere bord i restauranten frå kl. 17:00. 


O v e r n a t t i n g:

Kontakt oss for gode prisar i forbindelse med dette arrangementet: kr 795 per person ved to personar i eit dobbeltrom. Enkeltromstillegg kr 400,-

sandane gloppen dans musikk konsert

Waiver

Refusjon ved avlysing av heile arrangementet.